KOPIERT : ✅ DAGENS BESTE TEKST KOMMER FRA GUNVOR SLAATO. LES:
«BETALINGSNEKT – Å BETALE 50 øre/kWh»
For første gong i mitt lange liv går eg til betalingsnekt. Det gjer eg i protest mot statlege vanelovbrot, ja serielovbrot, i energipolitikken. Utan å vera spesielt jusskunnig, er eg kjent med at lovbestemmelsar som desse blir brotne:
🎈Vannfallsrettighetsloven § 1. Formål:
«Landets vannfallsressurser tilhører, og skal forvaltes til beste for allmennheten. Dette skal sikres gjennom offentlig eierskap på statlig, fylkeskommunalt og kommunakt nivå.»
🎈Energiloven §1.2:
“Loven skal sikre at produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi foregår på en samfunnsmessig rasjonell måte, herunder skal det tas hensyn til allmenne og private interesser som blir berørt.”
🎈Grunnloven §1, første ledd:
“Kongeriket Norge er et fritt, selvstendig, udelelig og uavhendelig rike.”
🎈Pristiltaksloven §1, første ledd:
“Det er forbudt å ta, kreve eller avtale priser som er urimelige.”
Lovbrot er uakseptabelt uavhengig av kven som gjer dei, statsmakt så vel som andre.
For meg er det statlege ranet av allmennheita sine energiressursar lovbrot og dermed uakseptable. Mange fører ein betalingsnekt allereide, så no er det min tur til å ta affære.
Som samfunnsborgar i eit demokrati og ein rettsstat har eg både plikt og rett til å reagere og delta aktivt. Så er det jo slik at når det representative politiske systemet feiler og svikter så grundig som her, er det for meg påtrengande å gripe konkret inn.
Den offentlege debatten avslører den eine bløffen og løgna etter den andre om straumpriskrisa, om det så gjeld forklaringar eller mulege løysingar. Strømstøtta er knapt ei symbolsk, ussel tilbakebetaling av eit brutalt ran, slik eg ser det.
Med denne betalingsnekten markerer eg ei grense for kva eg aksepterer på eigne vegner.
Som samfunnsborgar finn eg meg ikkje lenger i å bli rundlurt og få både levekår og livskvalitet forringa av ei politikerskapt krise med påfølgande elendig handtering. Den beste karakteristikken gav Sp sin Per Olaf Lundteigen her om dagen då han sa at regjeringa snur alle steiner og legg dei ned igjen.
I dag sende eg dette e-brevet til straumleverandøren min, Ustekveikja Energi AS, eit selskap eg er godt tilfreds med fordi det ikkje involverer seg i vindkraft.
——–‘
Hei Ustekveikja Energi AS
I dag har eg endra beløpet på strømfakturaen for desember frå kr 1.984,16 til kr 513,27 å betale, dvs eg betaler 50 øre/kWh, inkl nettleige og moms. Dette gjer eg i protest mot ein energipolitikk som bryt fleire gjeldande lover, bl.a Vannfallsrettighetslova med bestemmelsen om at «Landets vannfallsressurser tilhører, og skal forvaltes til beste for allmennheten», Energilova og Grunnlova.
Reistbeløpet på kr 1.470,89 melder eg derfor som «Kravet bestrides». Beløpet held eg tilbake på ein eigen konto i Hallingbanken.
Til orientering bur eg for tida i ein leiligheit på 40 m2. I desember var eg heime kun halve månaden. Då eg kom tilbake var det 14 grader i leiligheita. Når eg er der, held eg temperaturen på 19.
Å skulle betale kr 1.984,16 for eit forbruk på 1.026,54 kWh á 357,55 øre/kWh er både uhøyrt og uakseptabelt. Dessutan meiner eg det er frekt å kategorisere strømstøtta på kr 2.294,42 som «Midlertidig stønad for ekstraordinære strømutgifter». Realiteten er ei ussel, symbolsk tilbakebetaling av eit ran av fellesskapets eigedom, vasskrafta, nedbetalt over fleire generasjonar og med ein kostpris per idag på 12-15 øre/kWh, jfr NVE. Det er ikkje eg som har «ekstraordinære strømutgifter» når ranet er de facto og det er energihaiar og børsspekulantar som nyt godt av «strømstøtta».
Vennleg helsing
Gunvor Slaatto
..